R U T F J Å G E S U N D

Rut Fjågesund (f. 1993) er busett på eit småbruk i Lunde, Telemark. Her har ho gjort om ein knivverkstad til eit lite tredreieri.

Då Rut studerte til faglærar i kunst og design, ynskte ho å fordjupe seg i tredreiing, både for å lære eit nytt handverk og for å utforske tre som materiale. Etter bare eit par dagar med opplæring bestilte ho seg ein eigen dreiebenk og starta å dreie bollar.

H A N D V E R K

Handverket og materialet er viktige i arbeida til Rut. Ho nyttar hovudsakleg lauvtre som lønn, ask, bjørk og alm. Alle produkta på denne nettsida er dreia på dreiebenk, og all dekor er skoren ut for hand med treskjerarjern.

Rut er opptatt av å kombinere handverket med eit moderne og reint formspråk. Formspråket er inspirert av den moderne nordiske designtradisjonen med enkle og funksjonelle former. Ho ynskjer å lage bruksgjenstandar som også kan fungere som skulpturelle objekt.

Foto: Even Lundefaret

T R E V E R K

Å dreie i tre krev mykje forarbeid. Trea må fellast, sagast og tørkast før dei kan nyttast. Alle materiala som blir nytta er henta frå og tilvirka i Telemark. I tillegg til å kjøpe lokalt virke, ynskjer Rut sjølv å tilvirke emne frå eigen skog. Dei fyrste trea blei felt våren 2022, og vil bli saga til materialar hausten etter. For å unngå sprekkar må tørkinga skje under kontrollerte forhold over tid, og det vil derfor kunne ta eit år eller to før materialane kan bli til ferdige produkt. Vurderingar kring emna sine naturlege kvalitetar, det vil seie sprekkar, breidde og teikningar i treet, er med å forme det endelege produktet.