Bolle i bjørk med tekstur

kr 890,00
utsolgt

Bolle dreia i bjørk frå Flatdal, Telemark. Alle utskjeringane er gjort for hand. Bollen er olja med Osmo Topoil i fargen naturell. 

Diameter: ca. 12 cm
Høgde: ca. 3,4 cm

Legg til i handlevogn

V E D L I K E H A L D

Å olje regelmessig anbefalast for at produktet skal få eit lengre liv. Om ein vil bevare same farge og overflate anbefalast det å nytte same oljen. Om du ikkje vil investere i Osmo topoil kan ein bruke nøytrale matoljar, som raps og solsikke. Dette vil gulne produktet, men er ein enkel og billig måte å vedlikehalde produktet på. Ikkje nytt olivenolje då denne vil harskne med tid.

V A S K

Produktet er dreia i eitt stykke tre. Det er med andre ord ikkje limt, noko som gjer at produktet har lettare for å slå seg.  Så langt det går anbefalast det å ikkje vaske med vatn. Tre er eit levande produkt, og fukt vil gjere at treverket kan slå seg og med dette endre litt form. Vask av med ein fuktig klut. Om ein må vaske produktet med såpe og vatn er det lurt å fukte heile produktet og deretter tørke godt med eit handkle med ein gong.